– Nei, vêret kan ikkje få stoppa ein god førjulstradisjon. Har me kunngjort at me skal vera her, så får me stillar opp. Det er berre å kle sedg godt, seier Jakob Bjelland og gjer seg klar for å dra endå ei vel 2 meter høgt gran gjennom «pakkemaskinen».
Han og andre medlemer i familien er på juletreplassen i Gullberg for 35. året. Det er meir enn vått i lendet. Der det skulle vore bål for pøsespidding er det overvatn, men det er fyr i tyristubben og under bakstehella, slik at det vert servert svela med kaffi attåt.
Samdstundes som det sig på to tre familiar på jakt etter høvande tre, kjem det ei ny frisk byge og vindkast frå vest. Stemningen er frisk og god den også, veret til trass.