Gild førjulskveld med Kulturskulen

Frå konserten i Nysæter kyrkje torsdag kveld. (Foto: privat)

Det blir øvd og arbeidd godt med musikk og song i den kommunale Stord kulturskule. Bevisa var å høyra i Nysæter kyrkje  torsdag kveld, der  kulturskulen inviterte til førjulskveld –  med svært godt frammøte av  lyttande. Eit variert  repertoar hadde til felles å vera knytt opp mot tilstundande høgtid: Nå tennes tusen julelys, Bjelleklang, , Himlen i min famn, We wish you a christmas og 11 andre, med «deilig er jorden som allsong til slutt.

Vel 40 elevar i ymsande alder var med, fordelt på instrumenta fløyte, piano/orgel, gitar, fiolin, cello, sleighbells og song. Det blei så absolutt ein gild musikalsk førjulskveld.