Mellom avkøyrsla til Røssbø og Myrvold gard på Huglo, har nokre meter av fylkesvegen siste halvåret stort sett stått under vatn. Verkar som det er stopp i avrenninga grunna tette grøfter. Fåren med vass-samlinga i vegbanen, er at det lagar seg eit tjukt lag is når kulda set inn. Slik det har gjort siste dagane. Tysdag kveld var det skummelt glatt på nokre ti-tals meter av fylkesvegen på nemnde strekning..
Gjennom bygdalaget er det for lengst meldt frå om tilhøva til vegeigar Vestland fylkeskommune.