Fitjar kuttar unødvendige brøyte-kostnader

Illustrasjonsfoto: Steinar Hystad

For dei som er opptekne av brøytereglement, og kven er ikje det, står dette å lesa under  YMSE-vignettet i protokollen frå sist møte i Fitjar formannskap:

– Representanten Sigurd Andrè Maraas (FRP) hadde sendt inn følgjande spørsmål: Vintervedlikehald: Ein kan lese på postlista at det er vedtatt å avslutta vintervedlikehald og brøyting på eiendel vegstrekningar. Korleis har dette skjedd? Kva prosess ligg til grunn? Så vidt eg ser, så har ikkje eg vore med på å redusere budsjetta på dette området, ei heller vore med å gjera vedtak om slike kutt. Fleire av områda har me jo sjølv som kommune og som brukar av vegen eit behov for brøyting, både til næring og omsorgstenester. Er dette lurt? Kva summar er det snakk om i potensiell innsparing, sidan det er iverksett allerede?

Svar frå kommunedirektøren:

Då me lyste ut ny kontrakt på brøyting, gjekk me gjennom dei vegane kommunen har brøyta. Det viser seg at også eit par private vegar var del av porteføljen. Vår vurdering har vore at kommunen ikkje kan brøyta private vegar. Dette er både eit kostnadsspørsmål og eit likskapsspørsmål. Det er svært uheldig om kommunen brøytar visse private vegar, men ikkje andre. Me har difor gjeve dei aktuelle oppsitjarane beskjed om at kommunen ikkje lenger vil brøyta deira vegar. Driftsbudsjettet har gått i minus i mange år. Me arbeider kontinuerleg med å kutta unødvendige kostnadar. Brøyting av private vegar er etter vårt syn ein av dei. Det er kome inn eit skriv der det vert bede om at kommunen overtek vegen.