Vil tipsa syklistar om blindveg

Illustrasjon viser kvar blindvegskiltet skal opp. (Vegvesenet)

Kjem du syklande på nye gang/sykkel-vegen frå Sandvikvåg og sørover, er det freistande å trø vidare på den nybygde gs’n når du passerer busetnaden på Skotet. Det er det mange som har gjort, berre for å oppdaga at den trygge gang og sykkelvegen endar blindt, som det heiter. Dette vil Vegvesenet no gjera noko med. Eit større skilt som varslar blindveg er på veg:

«Årsak til tiltak: Vi har mottatt meldinger om at tursyklister følger gang- og sykkelvegen som naturlig går over i privat veg som slutter i skogsveg med bratt stigning. Syklister ser ikke at gang- og sykkelveien tar slutt langs hovedveien. Ønsker å montere opplysningsskilt at vegen videre frem tar slutt og ender blindt.»

Frå Skotet til ein igjen kan svinga inn på sykkel-veg i Engjavik, er det 500 meter å trø eller gå langs E39. 

Frå velinformert hald får Stordront.no opplyst at det ikkje er midlar til gang/og sykkel på strekningen – førebels.