Der me i moderne tider appar oss fram til «Eg er så glad kvar julekveld» på mobilen eller ipad’n, hadde me i lett gamledagar, i 1992, grønt julesonghefte frå Sunnhordland Prenteverk å henta teksthjelp frå. Heftet med grønt omslag hadde me på skulane rundt om og rundt om i mange heimar. I Huglo skulekorps har dei teke vare på klenodiet – som blir henta fram og lagt på kaffibordet til julekonsertane i fest- og gymnasstikksalen på bygdehuset. Songtekstane er frå tidbolken det heitte jol – før ordet vart moderniserte til jul.