Ivar Helleland, Falturiltu, Jonas Tislevoll og Eske og Horn stakk av med høvesvis Eldsjelprisen, Målprisen, Kulturstipendet og Kulturprisen for 2024. Under kan du lese Utval for oppvekst og kultur sine grunngjevingar for dei ulike prisane.
Eldsjelprisen 2024
Ivar Helleland har vore ei drivkraft i lokalsamfunnet i mange tiår. Den unge 85-åringen har vore ein viktig bidragsytar i både Stord T&I, Solid og Fitjar. Viktigare er dog innsatsen han har gjort for å ta vare på historia og kulturminnene relatert til Gruo. Ivar Helleland var viktig i å få dette arbeidet i gang og har vore sentral både i å leia venelaget og å ta del i dugnadane og restaureringsarbeidet og ikkje minst skaffa materiell og lokomotiv.
Ivar Helleland som i ein mannsalder har lagt ned eit stort og omfangsrikt arbeid for Gruvene på Litlabø. Ivar har brei kjennskap og kompetanse om gruvesamfunnet på Litlabø. Ivar er også ein formidabel formidlar som i ei årrekke har levande og inspirerande formidla kunnskap og historier om gruvesamfunnet på Litlabø til barnehagebarn, skulebarn og vaksne.
Han er framleis ein ettertrakta omvisar i gruo, både når det gjelder korleis gruvesamfunnet var då han sjølv var ein del av det, samt den eldre historia og ikkje minst krigshistoria der kan både kan formidla korleis han sjølv opplevde raidet som barn, men og som fagmilitær opplysa om korleis aksjonen var gjennomført.
Me er svært takksame for Ivar Helleland sitt bidrag til Stordsamfunnet, kulturminne, kulturarv og lokal historieforteljing til born og vaksne, lokale og tilreisande.
Målprisen 2024
Falturiltu; ein nynorsk litteraturfestival har sidan 2007 vert ein nynorsk litteraturarena for alle aldrar.
Det har gjennom åra vekse frå å vera ein lokal litteraturfest til å bli ein litteraturarena med nasjonalt omfang. Falturiltu løftar fram nynorsk på ein kreativ og inkluderande måte. Litteraturfestivalen har med seg samtidsaktuell og tradisjonsrik tekst og musikk. Falturiltu har ein stor påverknad på lokalsamfunnet og får nynorsk satt på dagsorden.
Festivalen har utvikla seg gjennom åra frå ein barnelitteraturfestival, til ein festival for alle. Festivalen er ein god språkleg arena, og ein viktig aktør for å fremma nynorsk litteratur og språkbruk. Med identitet i språket. Dei siste åra har Falturiltu også hatt arrangement i våre nabokommunar, og soleis vore ein god nynorsk-ambassadør.
Dei har opplegg med barne- og ungdomsskulane i kommunen, Stord vidaregåande skule og Høgskulen på Vestlandet samt arrangement for resten av lokalbefolkninga utanom.
Falturiltu er ein festival for alle uavhengig av alder og interesser, som sett nynorsk i fokus
Kulturstipendet 2024
Jonas Tislevoll søkte støtte til å få gjennomført ei fotoutstilling på Stord. Tema i fotoutstillinga adopsjon, og fokuserer på mangfald og identitet. Bileta er allereie produserte, slik at stipendet skal gå til transport av bileta og til praktisk gjennomføringa av utstillinga.
Tislevoll er oppvokst på Fitjar men er no busett i Stord. Det er gledeleg at ein fotograf søkjer kulturstipendet, det synleggjer mangfaldet i kulturlivet på Stord. Tislevoll sine bilete er gode og dei tek opp høgst dagsaktuelle tema. Tislevoll skriv i søknaden at han ynskjer å invitera ungdom til utstillinga, og ynskjer å få til eit samarbeid med media og kommunikasjon på Stord vidaregåande skule.
Kulturprisen 2024
Årets Kulturpris går til Severin Eskeland og Reinert Horneland i selskapet Eske og Horn Filmproduksjon.
Kulturprisen har sidan den første kulturprisen vart delt ut til Kristen Sørheim i 1976 blitt delt ut til Musikarar, lyrikarar, forfattarar, artistar, kulturarrangement, kulturminne, teater og mange fleir.
Stord Kommune sin kulturpris 2024 vert den første som går til nokon innan Film og TV-sjangeren.
Severin Eskeland arbeidar normalt som lærar ved Media og Kommunikasjon på Stord Vidaregåande, og Reinert Horneland er dagleg leiar i Valvatne Bygg.
Eske og Horn har i ei årrekka produsert filmar basert på lokale historiar eller eigne idear, og nytta seg av både lokale erfarne og amatørarar som skodespelarar og statistar, samt større nasjonale namn.
I tillegg til eigne produksjonar, har dei bidratt til andre sine kulturprosjekt, slik som framsyninga «Jesus Christ Superstar». Samt stillt opp pro-bono til filming av «Fest i Vest» og mykje mykje meir.
Det å ha lokal skrekkfilmproduksjon på Stord og i Sunnhordland er særeigent og unikt. At ein i tillegg haustar premiar på premiar på festival etter festival visar at kvaliteten er høg.
Med utgangspunkt i den prislønte kortfilmen «Allodium» har dei no laga spelefilmen «Heks», som vart ferdig spelt inn lokalt på Spissøy no i sommar, og som me gledar oss til å sjå hausten 2025.