Juletonar på høgt nivå

Stord Musikklag på konserten søndag kveld. (Foto: Steinar Hystad)

I køen av nøgde medborgarar ut frå Stord Kyrkje  søndag kveld, kom det til ordskifta om dette var noko av det beste me hadde høyrt frå lokale  kor og korps på ein julakonsert? Nivået vart sagt å vera i øvre klasse også på første konserten denne andre søndagen i advent 2024. God peikepinn mot  ja-svar på spørsmålet, er å finna i responsen  frå godtfolk i kyrkjebenker og på galleri.  Den var sterk – og vonleg  til inspirasjon i det vidare arbeid  med klang i røyster og instrument.

Og sidan ein god ting ikkje kan seiast for ofte, blir det her sendt takk til kor og korps for gilde tonar.  De jobbar godt –  det høyrer me.

På første konserten (1730) deltok Langeland skulekorps, Lovsongbrødrene,  Koret Ichtus og Stord og Rommetveit skulekorps. På andre konserten (kl 20 00) deltok:  Stord musikklag, Leirvik Mannskor, Songlaget Stordabuen og Stordkoret.  Organist i Stord kyrkje, Noah Nibe hadde ein travel kveld, han spelte til salmane og akkompagnerte fleire av kora. 

Wibe hadde vore i arkivet og leita etter starten på julekonsert-tradisjonen  i kyrkja  andre adventsundag, og der funne at det byrja  kring år 1900 med føremål å samla inn kronasje til «menighetens trengede.»