Julekonserten – med godsaker attåt

Frå julakonserten i Huglo bygdehus søndag ettermiddag. (Foto: Steinar Hystad)

Korpset på Huglo og korpset på Onarheim hadde ei stund til felles at dei var i minste laget med musikantar til få rette tyngda i lyden. Ynskjet om å bli fleire vart fiksa med samanslåing av korpsa,  og under leiing av mangeårig dirigent Nick Hughes er det blitt eit  musikklag det er hugnad å lytta til. Berre spør dei som var på julekonserten i bygdehuset søndag. Det vart lytta «med andakt» og applaudert sterkt. Korpset spelte to avdelingar, den eine med jul som tema for låtvalet.  

Det spesielle med konsertar og andre samlingar på Huglo, er at arrangørane byr på godsaker attåt. Denne gongen eit rikt utval i kaker, kaffi og saft – og lodd. Slik blir det også eit høvande høve til prat med kjensfolk. Det òg set me pris på.

Julakonsert i Huglo Bygdehus, med servering av «godt attåt», for små og store. (Foto: Steinar Hystad)