Twist har mange vener

oznorWO

Chocolate toffee. Caramel. Daim. Japp. Cocos. Fransk nougat. Banan og Lakris.  Ein pose Twist inneheld mange godbitar  Og det som er spesielt med nettopp twistbitane, er at me har kvar vår favotitt – som naturleg nok har førsteprioritet når me får høve til å henta opp  ein godbit frå posen eller skåla.  Sjølv byrjar me alltid med lakrisen, og er gjerne så sugne på snopet at me gløymer oss og tygg til,-  berre for å oppleva at godteriet forvinn like for som det i munnen kjem inn. Karamellen derimot, er me meir forsiktig med. Ein slik kosta oss i lett fjern førtid ny tann til vel tre tusen – pluss karamellen. Ja-ja.

Ha ei god adventshelg.

Nokre godord med på turen:

  • God vilje er halve gjerningen
  • Viljen dreg halve lasset
  • Ein skal ikkje setja sitt lys under ei skjeppe
  • Nyttelaust å leita etter ei nål i ein høystakk

Fire ord på veg ut av stodamålet alt for 50 år sidan:

  • Ottast = reddast, venta med uro
  • Ovrølve = noko uvanleg stort og svært
  • Pargas =bagasje, reisety
  • Pelementa = koma i kluss med einannan, tretta