Av korrespondanse mellom vegavdeling i Vestland fylkeskommune og Stord kommune, går det fram at teikningar for ei rundkøyring på toppen av Vikabrekko (lokalt betre kjent som Skulebrekko) ligg klare til drøfting. Det blir også meldt at ein har budsjett til å jobba vidare med rundkøyring som løysing på trafikale utfordringar i eit sterkt trafikkert kryss. Det ligg i korta at fortauet over Saghaugen mot Kjøtteinsvegen skal få «eit løft» sidan der er stor gangtrafikk av elevar