Dei kom som perler på julesnora: Fin liten blome, En stjerne skinner i natt, Gi meg handa di ven. Nordnorsk julesalme, Reise meg opp og andre gode eviggrøne. Inn i mellom var det solistinnslag. Alt framført for over 300 i benkene, som stille lytta, for deretter å takka i begeistring med langvarig applaus. Stord Demenskor imponerte og fekk full klaff med sin første «eigne» konsert. Og mange nye vener, ikkje minst. Her har det vore øvd godt og mykje gjennom hausten.
– Me håpar dåke får ei fin stund i lag med oss, sa dirigent Aud Losnegard Mathieson i velkomsthelsinga. Det kan ho og koristane, pianist Guro Holmberg og gjestemusikar Ole Jakob Hystad på saksofon – vera visse på at me hadde i Stord kyrkje denne kvelden. Me gler oss alt til neste møte med Stord demenskor.