Klar melding til gåande

Åtvaringa er «klar i talen». (Foto: Steinar Hystad)

– Eit reint tryggingstiltak! Det er kva stordront.no får til svar på spørsmålet om kvifor det er kome opp nye skilt ved ferjebrua i Jektavik, på Hodnanes og Nordhuglo. Det blir åtvara mot gåing over brua samstundes som bilar køyrer i land eller om bord. Vidare blir det opplyst at folk og bilar på brua samstundes, tidvis har vore eit problem og at det har vore ulukker.

Like før ferja siglar inn i støa, blir det over høgtalaren informert om at ein skal køyra i land først når mannskapet har gitt signal.

Det same gjeld for gåande.

Og dette er ikkje noko særtilfelle for ferjestøa i Nuen-sambandet, likande meldingar er å finna ved støa på Skjersholmane.

Slik er åtvaringa til gåande over ferjebrua  skilta på Skjersholmane. (Foto: Steinar Hystad)