Tradisjonsrike julekonsertar  på søndag

Songlaget Stordabuen – eitt av kora på kvelds-julekonserten i Stord Kyrkje komande søndag. Her frå konserten i fjor.(Foto: Steinar Hystad)

Desse aktørane vil fylla kyrkja med julemusikk under julekonsertane førstkomande sundag 8. desember i Stord kyrkje.

Klokka 17:30
Langeland skulekorps – dirigent: Paul Hughes
Stord og Rommetveit skulekorps – dirigent: Håvard Kroka
Lovsongsbrørne – dirigent: Hans Gunnar Aadland, piano: Oddlin Stave Aadland
Ichtus – dirigent: Egil Petterteig, piano: Noah Wibe

Klokka 20:00
Stord musikklag – dirigent: Paul Hughes
Songlaget Stordabuen – dirigent: Torleiv Agdestein, piano: Noah Wibe
Leirvik mannskor – dirigent: Ailin Sanden, piano Christine Lygre
Stordkoret – dirigent: Liv Kari Bru, piano: Noah Wibe

Mellom innslaga syng me julesalmar til organisten sitt tonefylgje. Det er tradisjon med julekonsertar i Stord kyrkje andre søndag i advent, og det er kyrkjemusikaren/organisten i kyrkja som har ansvaret for å arrangera.

– Men – det er aktørane me rettar rosen til, då det er dei som gjer konsertane moglege, seier kyrkjemusikar i Stord Noah Wibe til Stordront.no.