Refleks å henta

Slik hang refleksen søndag. (Foto: Steinar Hystad)

Den som  saknar «refleks-belta» sine etter tur langs Ådlandsvassdraget, gjer lurt i å leggja neste tur til same område. Refleksen er funnen og hengt på  vegvisarskilta rett nedfor  Ådland bru (over Trongaste).  Lukke til.

Så kan det leggjast til at i nedbørsrike strok av verda, som for eksempel øya Stord, er  refleks noko av det viktigaste å kle på seg når ein skal ut på vandring i mørkre. Stordront har  absolutt intrykk av at refleksbruken har tatt seg opp – og seier takk for det.