Nærare studie av verbalpunkta som følgjer på slutten av kommunestyret sitt budsjettvedtak for 2025, viser at spørsmålet i tittelen på denne notisen ikkje er teke «or lause lukta».
Les berre kva verbalpunkt 14 seier:
«Reklame på kollektivtilbod på Stord. Kommunestyret ber kommunedirektøren sende ein førespurnad til fylkeskommunen om eit pilotprosjekt. Pilotprosjektet skal teste ut reklame på busstopp, bybussar, ferjer og hurtigbåtar som er tilknytte Stord kommune. Potensielle inntekter i perioden prosjektet blir gjennomført, skal fordelast likt mellom kommunen og fylkeskommunen (50/50).»