Senioruniversitetet i Sunnhordland arrangerer ei forelesing med Annbjørg Håland Riise i Bømlo kulturhus klokka 11 tysdag 3. desember. Temaet er «Juletradisjonar – verdiar frå fortid, i notid og for framtid.»
Forelesaren er pensjonert lærar etter 40 år i ungdoms- og vidaregåande skule. Ho bur på garden Håland i Hålandsdalen der ho og vart fødd og vaks opp. Ho er aktiv i lyd og lag og ynskjer å fremja kunnskapen om kulturarven vår.
Juletradisjonane har som så mangt anna, endra seg mykje dei siste 70 åra. Håland Riise ser på tradisjonane som viktige verdiar, så på garden Håland vert framleis mykje av det gamle halde ved like. Ho har eit sterkt ynskje og håp om at mykje vil leva vidare i kommande generasjonar.
– Me vil heilt sikkert kjenna oss igjen i mykje av det ho vil fortelja, så kom og bli med på denne reisa i juletradisjonar frå 1950-talet til i dag. Etter forelesinga inviterer me til koseleg samvær med ekte julegraut og god drøs, helsar styret i Senioruniversitet i Sunnhordland i ei melding.