Neste års konfirmantar i skulekrinsen kring Nordbygdo Ungdomsskule var søndag kveld aktørar i Lysmesse i Stord Kyrkje. Uver med sterke vindkast og pøsande regn ute, sette ein stoppar for innmarsj med tente lys. I staden foregjekk tenning og dei andre seremonielle gjeremål i kyrkjerommet. Der var det levande lys som tok over for elektrisiteten ei stund. Stemningfullt. Ungdomsprest Runar Lydersen leia det heile og gav både konfirmantar og andre frammøtte klår melding om at lyset for håp er det viktigaste, det må ikkje slokna. Med eit levande håp, kan det tennast lys for kjærleiken, for trua, for venskapet, for fred og meire til.
Konfirmantar tilknytt Stord u-skule og Nysæter u-skule hadde også sine lysmesser søndag.