Eit samrøystes kommunestyre følgde innstilling frå Utval for bytvikling (BUT) i spørsmålet om kva kva med «Ritlandseigedomen» ved Sævegen:
«Med heimel i Plan- og bygningslova § 16-2 vedtek kommunestyret å oreigna naudsynt grunn og rettar til gjennomføring av del av detaljreguleringsplan for miljøgate FV. 544 gjennom Leirvik, planID: 1221_201406. Oreigning her inneber permanent oreigning av omlag 1.406 m2 grunn (heile 27/354), frå grunneigarar Nils Ritland og Dagfinn Ritland. Grunnen skal i hovudsak nyttast til areal naudsynt for kollektivterminal. I tillegg skal noko areal ervervast til torg.
2. Iverksetjing før skjøn. Kommunestyret samtykker til at om administrasjonen vurderer det som naudsynt, blir søkt om å ta areala i bruk før rettskraftig skjøn ligg føre, med heimel i oreigningslova § 25 for gjennomføring av vedtaket pkt. 1. Kommunestyret gir kommunedirektøren fullmakt til å sende slik søknad til offentleg mynde. 3. BUT vil visa til at det er fullt mogleg å kome til ei minneleg løysing med grunneigar undervegs i oreigningsprosessen.»