På bakveggen i kommunestyresalen i Stord Rådhus heng det store maleriet «På kyrkjebakken», med motiv frå Stord kyrkje. I øvre kant at maleriet ser me fire trelause Hystadøyar. På 1950-talet vart øyane kledde med granplanter – som sidan har fått veksa og spreia seg fritt. Så sterk har veksten vore at det er blitt mest umogleg å gå i land for sommarleg rekreasjon og bading. Det var det mykje av på øyane tidlegare. Sameleis har sjøfuglane måtte finna nye hekkeområde.
Geir Angeltveit i Stord Venstre reiste for nokre år sidan spørsmål kring dei tilgodde øyane, men nådde ikkje fram til konkrete tiltak. Eit nyhende i så måte er å finna mellom verbalpunkta som vart vedtekne av den borgarlege koalisjonen i samband med budsjettet, torsdag. Her heiter det:
«Kommunestyret ber kommunedirektøren gå i dialog med grunneigarar og venelag i Hystadøyane med sikte på restaurering av øyane som rekreasjon- og hekkestad, gjennom til dømes tilrettelegging for hogst.»
I namnekartet laga av Stord kulturstyre 1984 har dei fire øyane i innløpet til Leirvik desse namna: Husøyo, Valeøyo, Møyno (kanskje betre kjent som Fyrøyo), og Ystøyo.