– Me håpar besøkande vil bli imponert over mangfaldet på årets julemesse i Stord Kulturhus, seier medarrangør Hilde Alfarnes til Stordront.no.
Ho lovar mykje fint handarbeid, mykje varmt i strikk og så har de meldt seg lokale produsentar av både god bakst og lokale bøker. Det blir eigen kiosk og heile vestibylen blir messeområde. Opnar fredag kl. 15:00, held fram laurdag og søndag.
Kulturhuset er elles ope for vanlege aktivitear som kino og arrangement og bading.