Slik er det kva gong me sig forbi sørvestspissen på Eldøyane med ferja: Eit minne frå debatten då Stord kommunestyre godkjende planar for utvida næringsareal på Eldøyane mot Bømlafjorden, stikk seg fram i «håtten». Det var litt ulike syn på kor mykje av naturen som burde planerast og at det var ein viss mostand mot å «ta alt». Ideen om at det burde fredast eit lite friområde ytterst, med tanke på at neset i sørvest alltid har vore ein populær og god ståplass for fiske med stong – ja den vann fram. Som eit kompromiss i vedtaks form.