– Skulle gjerne hatt skipsklokka på «Stord-veggen» også

– Maritimt Museum har laga til eigen minnevegg for jagaren Stord – men me saknar skipsklokka, seier Gunnar Bjørk. (Foto: Steinar Hystad)

Det vart fullsett på Maritimt Museum tysdag kveld, då forfattar Nicholas H. Møllerhaug presenterte nyaste boka si: «Farmor og Farfars krig – ei krigsseglarhistore 1940-2023»

Ei sterk soge, om Einar Møllerhaug som hadde ekstreme erfaringar som krigsseglar som stuert med meir, om bord på jagaren «Stord». Museet har eigen minnevegg for båten og mange av dei frammøtte tok ein ekstra studie av  modell og namneskilt og diverse annan informasjon om krigsskipet,  før dei forlet lokalet. Eit spørsmål gjekk att: – Kvifor vart Jagaren døypt døypt «Stord» då han var overlevert den norske marinen? Det kan ha vore reint tilfeldig, etter det  Gunnar Bjørk ved museet har klart å spora opp:

– Det var eit krav at namnet skulle byrja med S, slik det var med andre farty denne klassen. Stord vart eit av forslag på ei lista – og vart plukka ut som vinnar. I 1949 fekk Stord kommune ja på ønskje om å «adoptera» båten.

6. juli 1959 stod følgjande å lesa i Sunnhordland: «Då det vart kjent at jagaren KNM «Stord» hadde tent ut sine dagar og skulle seljast til opphogging, ville Stord kommune, gjerne har eit minne om denne segnomsuste båten, som og var den første som var adoptert av kommunen. Formannskapet vende seg til Marinen om saki, og så vidt me veit  nemnde stortingsmann Ola Olsen framlegget i Forsvarsdepartementet og fekk velvilje der.

Torsdag kveld var så Admiral  Hostvedt  innom Leirvik og han hadde då med seg namnebrettet til jagaren «Stord» og den vakre skipsklokka om bord, og leverte dette til ordføraren i Stord.

Så spørst dete berre å finna ein høveleg plass til desse minni i det nye rådhuset»

Det nye rådhuset (1965) fann plass  og hadde minna lenge hengande  på ein vegg – før dei altså vart flytta til  museet på Nattrutekaien.

– Ja, me har det meste, men har ikkje funne ut av det med skipsklokka, kor den kan vera lagra, opplyser Grunnar Bjørk til Stordront.no