Allsong, festmusikk og gøy, gøy, gøy! Det er med stor glede og entusiasme me kan fortelje at dei første artistane til Tysnesfest 2025 er klare. Rein festglede med Vassendgutane, frisk country frå Tobias Sten og energifylt allsong med Stavangerkameratane fyller Gjerstad Arena 10.–13. juli.
Årets festival baud på strålande vêr, topp stemning og publikumstal som minnar om rekordåra frå tidlegare. Me kan stolt slå fast at årets Tysnesfest har vore ein suksess. Tre magiske kveldar på Gjerstad Arena, kombinert med fantastiske konsertopplevingar rundt omkring på Tysnes, har stadfesta festivalen sin posisjon som ein av sommarens store høgdepunkt.
Me ser no fram mot ein sommar med fullt trøkk og eit Tysnesfest 2025 med ei rikhaldig program. Det blir tre dagar med konsertar på Gjerstad og garantert mykje moro rundt omkring på Tysnes.
STAVANGERKAMERATANE
Med suksessrike år bak seg og over 100 millionar streams i ryggen, er Stavangerkameratane klare for å ta Noreg med storm – igjen! Kjente for energifylte liveopptredenar og allsangvenlege hits som «Bare så du vett det» og «Vil du shalala», er dette bandet garantistar for ein fantastisk konsertoppleving. Dei jobbar no med sitt fjerde album, og me gler oss til å høyre kva dei har å by på i 2025.
VASSENDGUTANE
Ingen festival utan fest, og ingen fest utan Vassendgutane! Som originalen av festcountry i Noreg leverer dei ekte glede og rå energi frå scena. Med låtar som «Ungkar med dobbelseng», «Hjortejakt» og «Granada» i bagasjen, vil stemninga stå i taket når Vassendgutane inntar Gjerstad Arena.
TOBIAS STEN
Tysnesfest er stolte over å presentere det lokale talentet Tobias Sten. Den unge countryartisten frå Stord har allereie fått merksemd for sine ekte og personlege songar. Tobias representerer ei ny generasjon innan norsk countrymusikk og er klar til å dele musikk som treff rett i hjartet.
Sjåast på Tysnesfest 2025!