Besøk på julemesser- og julemarknader gir god informasjon om at det er mykje kreativitet på gang i «de tusen hjem».
Eit av mange gåveforslag me fall for på marknaden i Moster Amfi no i helga, hadde sitt utspring i gjenbruk. I staden for å hiva gamle «skrusikringskapslarar» i spesialavfallsdunken, var fire av dei plassert på fat ilag med innslag av grønt. Berre å setja dei fire lysa oppi «sikringen» og adventspynten var sikra.