I langt tog mot lystenninga

Langt fakkeltog frå Kulturhuset til Rådhuset denne laurdagen. (Foto: Steinar Hystad)

Ordførar Sigbjørn Framnes fortalde om ei kjekk hending han hadde vore vitne til på Nordbygdo Ungdomsskule nyleg, då han i skumringa laurdag  ønskte svært mykje godtfolk vel møtt til lystenning i julegata, teletårnet og det store juletreet i Borggarden.

– Elevane på Nordbygdo hadde MOT til, på dagsorden denne dagen, og då med vekt på det fine å ha MOT til å gleda andre. Tenkt litt på det, det er ikkje alltid så mykje som skal til for å speia litt glede. Slik me gjer her no, sa Framnes.

Så fekk han  dei frammøtte med på høglydt nedtelling til lystenning – 10,ni, åtta, sju, seks, fem, fira, tre,to, ein – og der kom julelyset i alle pærene.

Som tradsjonen er blitt, var både Amfi og Kommune saman med Frelsesarmeen og ei gruppe frå Sagvåg Musikklag med i det lange toget fram mot Borggarden  – ein godt høvande festplass. Etter seremonien trekte mange vidare opp i gata til sveler og nykinna smør frå bondelag og kvinnelag og skogeigarlag. Og vidare inn i årets nye tilbod  – juleverkstaden i Klingsheimbygget.

Særs godt frammøte til julelystenning i Leirvik sentrum laurdag. Juletreet er i år gåve frå ein privat hage på Langeland. (Foto: Steinar Hystad)