125-års jubilant i storform

Stord musikklag med solist Margrete Skorpen.  Gjennom konserten fulle biletkavalkade  på det store filmlerretet. (Foto: Steinar Hystad)

Med ein feirande frisk marsj, «Grüss anThüringen»,  avslutta  Stord Musikklag jubileumskonserten og  ein spurdlande dirigent Paul Hughes takka for frammøte og ønskte vel heim. Men ingen på tilhøyrarplass viste teikn til å reisa seg, istaden vart det klappa og klappa endå meir. Og dermed fekk publiken det som dei ville ha:  – ein låt til.  

Ja, så gildt vart det på jubilumskonserten til Stord Musikklag i Kulturhuset laurdag ettermiddag.  Sjølvsagt burde det vore fullsett i eit slikt høve,  men  musikklaget anno 1899 spelte i tevling mot to andre konsertar og juleaktivitetar i byen elles.

Programmet var variert, og med  Margrete Skorpen som gjesteartist i tre nummer, «Mitt hjerte er ditt», «At angöra en brygga» og «Gabrielles Song» . Vakkert – slik me etterkvart har læra songaren og  musikklaget å kjenna.  Nils Rainer Strüter  som solist « frå eigne rekkjer» på baryton(-horn), i «You Raise me up». Imponerte stort.

Helge Heiberg Andersen presenterte soga til  Leirvik Musikkforening, som var namnet under oppstarten.  Der var han rett  informant på rett plass, sidan bestefaren  organist  Johan Heiberg Andersen var den som skipa korpset, og faren Birger Heiberg Andersen bles nytt liv – då korpset låg nede for telling tidleg på 30- talet.  Korpset start med seks instrument – korleis det lydde vart demonstrert  då ein sekstett spelte aller første kjenningsmelodien;  Napoleon med sin hær». Her var så visst lokalsoge å henta.

Kjekt var det at  kultursjef Jordåen steig på scenen og helsa frå kommunen med blomar og viktige ord:

– Kva hadde liv og samfunn vore utan levande musikk?, spurde ho og  tok jubileumskonserten som døme på at korps er så mykje meir enn 17. mai. Ho gav Stord Musikklag ros for den gode måten dei støttar opp om unge som ønskjer ei framtid i godt musikalsk fellesskap.