23. november 2022 sende Stordront.no si første ultralokale sak ut på nettet. «Er me blitt flinkare? Lite boss i strandbeltet», var tittelen. Saka var illustrert med bilete frå ei tarefull strand på Huglo utan innslag av ein einaste plastbit.
I dei to åra som er gått sidan, viser statistikken at Stordront har servert 1700 saker. Gledeleg i så måte er det å kunna fortelja at skaren av faste lesarer er jamt aukande, og ligg mellom 1100 og 1300 besøk per arbeidsdag. Dei er det fem av i veka – men me «er på» også i helgar det skjer noko gøyalt.
Likar du det du les på nettstaden vår – er det berre nemna det i venekrinsen…