Går det som vermeldaren i radioen meiner , skal lysfesten som er annonsert for morgondagen (den 23.nov) bli velsigna med nysnø. Då blir det endå betre førjulsstemning i sentrum av Stord by, når born og vaksne i fakkeltog går ruta frå Amfi/Kulturhuset til Borggata og Rådhuset. Skryt for velgjort skal dei ha som har pynta med lyslenker i lufta så vel som rundt leggene på trea i både Torgbakken og Osen. Dette er godt å kvila augo på i tussmørket.
God helg.
Nokre ordtak kan vera greitt å ha med på ferda
- Lev som eg seier, ikkje som eg lever (Svensk)
- Ein blir ikkje større sjølv, av å trampa på ande (Finsk)
- Me ser alltid andre sine feil, men ikkje vår eigne (Dansk)
- Me tenkjer om andre – ut frå eigne behov (Norsk)
Så nokre ord som var på veg ut av Stordamålet alt for 50 år sidan:
- Okla = ankel, vrist
- Old = mange, ein brote
- Onnug =ha det travelt, hasta
- Oppstuss = bråk. Og brukt som slikt som vekte åtgaum.