Gjennom ABO plan og arkitektur Stord AS har hamnestellet sendt nabovarsel om nytt anlegg og konstruksjon i inste del av gjestehamna i Leirvik. Anlegget gjeld bygging av 0,4 meter høgt flaumvern på strekket vernet no manglar mot Notahaugskaien. Tiltaket medfører at den bratta rampen ned frå Notahaugskaien til området utfor Sjøhuset blir bytta ut med mindre bratt rampe og ny trapp. Dette vil gjera denne del av strandpromenaden mykje betre universelt utforma.
Av nabovarselet går det fram at hamnestellet i same operasjonen ønskjer å fjerna inste flytebryggja til fordel for nedsenka trekai med 0,8 cm breidde utfor kaien/flaumvernet. Hamnestellet meiner noverande inste bryggja tek alt for stor plass i gjestehamna i høve til nytteverdien. (kan berre liggja båtar på eine side.) Småbåtar skal kunne leggja til ved ny trekaien, samstundes som det blir betre høve til manøvrering for gjestefarty på veg ut og inn.