– Ja, her kan me hjelpa, seier Randi Beate Hovland i Stord Helsepark, og viser til førespurnad om mogleik for pendlarparkering ved hurtigbåtterminalen på Leirvik. Det er ledige parkeringsplassar for leige under tak i nedre etasjar av helseparkbygget. Dette gjeld også for plassar med høve til lading av el-bilar.
– Stort nærare snøggbåtkaien kjem ein ikkje om ein vil setja bilen lovleg frå seg. Kaiområdet kring terminalen og heile Nattrutekaien elles er nemleg skilta med parkering forbode, opplyser hamnesjef Inge Espenes.