Oppdrag for ein aktiv «VIKJO-gjeng»

Nordre Kaisving og Baard Hauglands plass er byparken på Vikjo – og har trong pleie. (Foto: Steinar Hystad)

«Med den økonomien Stord kommune har, vert ofte park og friluftsanlegg nedprioritert. Kommunen er heilt avhengig av at frivillige tekt eit tak dersom me skal få gjort ting». 

Dette skriv teknisk sjef i kommunen vår, Arne Bjelland, i ei begistra helsing som var opplesen under julemiddagen IL Trott nyleg spanderte på sin ihuga dugnadsgjeng. Fotballkarar komne i pensjonsalderen som vil gje noko attende til klubben sin i takksemd for gode tider på banen og fellesskapet kring idretten. Den frivillige innsatsen i Prestegardsskogen anlegg viser godt i lendet og nybygg.

Når Stordront.no sin utegangar ser dette, kjem tankane kring eit liknande tiltak for nokre område på Vikjo. Ikkje akkurat kring bed og plenar, dei tek i den grøne etat godt hand om. Meir siktar me til sentrumsparken  Nordre Kaisving med Baard Haugland plass. Eit kulturminne som stundesvis av året er skjult i grøn tilvekst, hissig eføy og stikkebuskar. Stabbesteinar med røyrrekkverk som strittar i fleire retningar. Anlegget treng nokre hjelpande hender, og det går heilt sikkert greitt å oranisera det heile. Nokon som  tek utfordringa og dreg i gang ein Vikjo-gjeng a la Trott-modellen – sjølvsagt i samarbeid med eigaren: Stord kommune.

Eit anna godt døme, er Venelaget for Parken (Vidsteenparken) og det store arbeidet som er gjort der.

17. mai på Leirvik startar  i bypaken med kransnedlegging på minnestøtta for Baard Haugland . – I år var de lite og sjå for dei i øvre del av parken, fordi eføyen har vakse seg veldig høg.(Foto: Steinar Hystad)