Til Stord kommunestyre sitt møte torsdag neste veke, har Gaute Straume Epland (Ap) meldt følgjande grunngjevne spørsmål kring «forsvinninga» av kollektivterminalen for Leirvik – som var planlagt på Bandadalsplassen:
«I møtet 25.04. handsama kommunestyret sak om ny kollektivterminal i Leirvik (PS 23/24). Kommunestyret valde her å avslutta reguleringsarbeidet for ny terminal med parkering og kontor over, og i staden å stå fast ved tidlegare vedteken reguleringsplan. Underteikna tok opp spørsmålet om det kunne la seg gjera å vedta «bakkeplan-delen» av den nye reguleringsplanen, då denne har betre løysingar m.a. for trafikkavvikling og av- og påstiging. Ordføraren rådde frå dette, då prosjektet låg an til bli prioritert i fylket sin investeringsplan, og ein vidare reguleringsprosess ville kunna stå i vegen for dette.
Det var difor både overraskande og skuffande å lesa i Bladet Sunnhordland denne veka at prosjektet likevel ikkje er prioritert i fylket sitt budsjett og økonomiplan, då det vert vurdert å ikkje vera modent nok. Endå meir urovekkjande er utdraget frå saksutgreiinga om at det først neste år skal setjast i gong endå eit forprosjekt på kollektivterminal, , som også skal sjåast i samanheng med forprosjektet for innkorting av ferjesambandet Stord – Kvinnherad. Ordføraren er kjent med underteikna sitt syn på realismen i prosjektet med ny ferje- og cruisekai i Djupavikjo. I alle høve er dette eit prosjekt som ligg langt fram i tid, og det er svært uheldig om ny kollektivterminal no må venta på eit prosjekt som er så usikkert som dette. Eg har på denne bakgrunnen følgjande spørsmål som eg ynskjer svar på i kommunestyremøtet 28.11.24:
- Kva er grunnen til at ny kollektivterminal i Leirvik ikkje er prioritert i Vestland fylkeskommune sitt budsjett og økonomiplan? Hadde ordføraren fått feil signal i forkant av kommunestyremøtet 25.04., eller er det forhold som ikkje var kjende 25.04. som gjer at prosjektet no likevel ikkje vert prioritert?
- I og med at prosjektet no ser ut til å verta utsett på ubestemt tid: Vil ordføraren leggja opp til at kommunestyret får ta ein ny diskusjon på kva reguleringsplan ein ynskjer å leggja til grunn for den nye kollektivterminalen?
- Kva betyr det at kollektivterminalen «må sjåast i samanheng med forprosjektet for innkorting av ferjesambandet Stord – Kvinnherad»? Skal kollektivterminalen måtta venta til dette prosjektet er realisert eller i det minste avklart? Er det fare for at lokaliseringsspørsmålet kan komma opp på ny?