Skryt til i Trott-gjengen

Trott-gjengen samla til julemiddag

Me gjer dette i takksemd til idrettslaget som gav oss mange gode år med fotball og sportsleg fellesskap, seier spreke pensjonistar i Trott-gjengen. Kvar måndag møtest dei til dugnad på anlegget i Prestegardsskogen.

Torsdag kveld var 24 av dugnadskarane i idrettslaget «Nordom bekkjen» samla til julemiddag i klubbhuset ved Prestegardsbanen. Det vart servert pinnekjøtt og dessert og ikkje minst – raud julebrus.

Under julesamlingen vart gjengen tildelt Eldsjelprisen 2024, kåra av styret i Trott. Per Lunde og Helge Hillestad tok imot på vegne av karane. Eit anna høgdepunkt var høgtlesing av takkebrevet frå Tekniske tenester i Stord kommune. Der skriv teknisk sjef Arne Bjelland:

Hei!

Stord kommune ved teknisk sjef ynskjer å få takka «dugnadsgjengen» til Trott for den fantastiske jobben dåke gjer ved Prestegardskogen anlegg.

Med den økonomien Stord kommune har, vert ofte park og friluftsanlegg nedprioritert. Kommunen er heilt avhengig av at frivillige tek eit tak dersom me skal få gjort ting. Dåke gjer mykje godt arbeid, og har fått opp ein fin tribune med stolar, ryddar i buskar og skråningar og ikkje minst har dåke klart å få til eit flott anlegg med ny petanque bane.

Fantastisk bra!!

Kommunen håper på eit godt samarbeid vidare i 2025, og eg vil prøva å finna midlar til nye små tiltak i Prestegardskogen.

Eg håpar dåke får ein triveleg kveld med god middag, og ynskjer alle ei god førjulstid.

Innreiing av nyreiste Trott-garasjen vert gjort på dugnad av «Gjengen»