«The best of me» – og TUBESNAKES

Tubesnakes: (f.v.) Johnny Stensletten bass, Per Inge Stensletten trommer, Roy Martin Haldorsen gitar og Per Kenneth Hauan orgel/keyboard. (Foto: Steinar Hystad)

Navasota er namnet på ein by i Texas USA. I byen har Tubesnakes ein god ven, som har hjelpt til med innspeling av den nye cd’en – som har fått tittelen «Navasota,TX». Første låten på «plata», ein skikkeleg friskus, har kvartetten døypt «The best of me». Den skrivande i Stordront.no har vore ihuga lyttar av musikken frå Tubesnakes siden starten for 30 år sidan, og fall for freistinga til å bruka deler av låtnamnet som tittel på denne meldinga. Jubileumskonserten på Osvald Pub laurdag kveld, vart ei ny stadfesting på  solid kvalitet på musikken i sjangeren  blues/rock/ispedd litt swing/pop. Alt sjølvkomponert. Kort sagt det «The best of « Tubesnakes – så langt.

Det er beint triveleg å lytta til nyeplata – som byr på ganske så variert kost, med stødig komp  frå bass og trommer,  gitarriff som ein trur ikkje er mogleg og få til  og  masse utfyllande orgel.  Her har tubesnakes funne både takt og tone. Compackt-disken har hatt einerett i spelaren denne helga.

Det var fullt hus og med både stormande jubel og lagvarige klappsalver då  Roy Martin Haldorsen, Johnny og Per Inge Stensletten og Per Kenneth Hauane presenterte   cd’en i live-versjon.  Utover kvelden  inntok musikkvener av jubileumsbandet podiet og spelte m.a. coverlåtar av nettopp Tubesnakes.