I samband med montasje av nytt orgel i Fitjar kyrkje vart sprekker i veggene tetta og ny maling påført. Frå ryggen i benkene vart det fjerna isolasjon, alt for å betre akustikken i kyrkjerommet Provet på eit vellukka tiltak, var å høyra i klokkeklare tonar frå songarar og musikantar då Stordkoret.no med Kammerorkester heldt konserten GLORIA i kyrkja søndag kveld. Ute var det ruskaver, inne vermde samstemte røyster i korharmoninar og solistinnslag. Frå det heilt nedpå, til parti så mektige at ein kjende det i tårekanalane.
Gloria-konserten vart framført i to avdelingar. I første del leia dirigent Liv Kari Bru, med tonefølgje frå pianist Noah Wibe, songarane gjennom eit knippe higleights frå Stordkoret sitt repertoar. Sopransolist Ingier Kannelønning Kolstad var også ei frygd å lytta til i fleire songar. Gildt var det også å høyra duetten hennar med Johanne Rolfsnes, elev ved musikklina på Stord VGS. Samsongen var eit innslag i framføringa av Vivaldi sitt verk Gloria. Omtalt som eit fengjande korverk frå barokken frå 1715.
Ja, både fengjande og til tider lett svingande. Musikarane i kammerorkesteret frå Stavanger , leia av eks stordabu Eirik Stangenes hadde ein berande rolle i framføring.
Så er det berre å seia takk til Stordkoret for at dei held på den gode haust-tradisjon å invitera til møte med kyrkjemusikalske verk .Vakkert.