Skulle byen ha namnet Stord eller Leirvik?

Tettstaden Leirvik i byen Stord. (Foto: Steinar Hystad)

Då kommunestyret i 1997 gjorde vedtak om bystatus for  Stord, var det «innbakt» at  statusen skulle gjelda for heile kommunen. Ikkje berre for tettstaden Leirvik.

Nyleg fekk kommunen e-post frå David A. Tørre, der han skriv: Jeg finner at diskusjonen blusset opp i 2008 (forsiden «Tid for namneskifte», Sunnhordland 23.07.2008). At folk da tok orde for at byen burde endres fra Stord til Leirvik. Spørsmålet mitt er: «Hvordan endte den diskusjonen? Ble det noe nytt kommunstyrevedtak?

Tre dagar etter mottak av e-posten, sende plansjef Lovise Vestbøstad dette svaret til herr Tørre:

– Ja, korleis enda namnediskusjonen om Stord – Leirvik i 2008?

– På kulturkontoret har dei gjort eit kort søk på saka, men det er ikkje gjort relevante funn  i referata frå namnenemnda i perioden 2008- 2010. Me finn artiklar, leiarar og lesarinnlegg i Bladet Sunnhordland sommaren 2008. Basert på eit innlegg av Johannes Sørli konkluderte leiaren i Sunnhordland den 31. juli 2008 med at bynamnet måtte vera Stord. Sidan bynamnet framleis er Stord, så kan me kanskje konkludere med at det i alle fall ikkje vart gjort noko kommunestyrevedtak på å endre bynamnet

PS: Stordront.no finn det høvande å nemna at seinaste vedtak som gjeld namn og  nemning for bykommunen vår er å finna i godorda «Stord – liten by for det heilt store»