Kan korta ventetida på høyreapparat

Tove Dypå Lunde er leiar i Stord Eldreråd (Foto: Steinar Hystad)

Eldrerådet i Stord kommune vedtok i møte den 11.11.2024 å støtte uttalen frå HLF Sunnhordland. Eldrerådet går som HLF Sunnhordland sterkt imot at avtale med ein avtalespesialist i øyre-nase-hals vert trekt inn av Helse Vest. Det er viktig at stillinga vert ståande og styrkt med ein audiograf. Det er det best for innbyggjarane i Sunnhordland.

Bakgrunn:
Helse Vest ønskjer ikkje å vidareføra avtale med ein avtalespesialist i øyre-nase-hals på Stord når noverande spesialist går av med pensjon.

Helse Fonna ønskjer å bruka denne heimelen på Stord sjukehus for å auka tilbodet på Stord og i Haugesund med poliklinikk og endå fleire operasjonar. Men innbyggjarane i Sunnhordland har behov for at heimelen bør vera som no, og evt. utvidast med ein audiograf. Grunnen til dette er at ventelistene for å få høyreapparat i dag er lang – i Haugesund er ventetid i dag 12 månadar.

Det er sett opp ein standard om at det skal vera 25.000 innbyggjarar pr. audiograf. I Austevoll, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Tysnes og Stord er det ca 60.000 innbyggjarar. Stord har i dag ein ØNHspesialist + ein audiograf. Det er for lite. Får me styrka denne tenesta, kan det føra til at ventelistene på høyreapparat på Haugesund Sjukehus vert kortare, meiner Stord Eldreråd.