Førjulstid er messe- og marknadstid, og i år verkar det som det er oppsving i interessa for arrangementa. Det gjeld oppslutnad frå deltakarar og publikum. På den årvisse haustmesse i Samhald sist helg var det godt besøk og langt fleire salsbord enn i fjor.
Til helga er Julemesse i regi av Fitjar Husflidslag i Fitjarturn og frå tilskiparen blir det meldt fullbooka i to etasjar og fleire i ventekø for bord. Husflidslaget står for servering.
Nytt på Leirvik denne hausten er at tidlegare VIC-lokala blir tekne i bruk til Julemarknad. Første opninngsdag blir med aktivitetar for born i samband med julegatetenning 23. november. Frå torsdag 28. november blir det marknad kvar langhelg fram mot jul.
Så blir det julemesse i Stord Kulturhus med over 30 utstillarar frå fredag 29. november til og med søndag 1. desember.
Med eit særs variert utval av handarbeid, bakst og diverse andre varer – og kafe, sjølvsagt.