Eldrerådet: Ny sjukeheim viktigast

(Foto: Google Maps)

Stord eldreråd drøfta budsjettframlegget for kommunen 2025 på møtet måndag denne veka, og sende frå seg slik samrøystes uttale:

«Eldrerådet er fullt ut merksam på at den økonomiske situasjonen for kommunen er særs vanskeleg. Dette gir lite rom for innspel til det føreslåtte budsjettet, og lite politisk handlingsrom. I ein slik situasjon krevst det streng prioritering. Eldrerådet vil difor tilrå alle dei politiske partia å prioritera område innan drift og investering som er lovpålagte og strengt naudsynte. I den samanhengen vil Eldrerådet framheva følgjande i budsjettet:

1. Ny sjukeheim.

2. Rehabiliteringstenester som set folk i stand til å bli sjølvhjelpne og sjølvstendige.

3. Heimetenester som gjer det mogleg for folk å klara seg og føla seg trygge i eigen heim.

4. Kommunale tenester og støtte til frivillig sektor som gir heimebuande eldre eit tilbod om både sosiale og fysiske aktiviteter utanfor heimen.

Elles har Eldrerådet stor tiltru til dei faglege vurderingane administrasjonen legg til grunn ved prioritering av knappe ressursar»