Stundom kan det vera greitt å kikka over kommunegrensa og sjå kva som rører seg rundt oss. Det vart det lagleg høve til tysdag, i samband med venteoppdrag nedfor Festiviteten i byen sørom Sveio. Der i garden (Haraldsgata) var julegata alt komen opp med pyntegrønt og lys og oppslag i raudt på butikkdørane fortalde om offisiell opning torsdag 14. november. Det skulle bli ni dagar før Lerivik by følgjer etter, men her blir det tenning av både julegata, juletre med gange rundt og teletårn.