Støttar opp om Julegate-tenning

Laurdag 23. november blir det tenning av  julelysa i sentrum av Vikjo:  Her frå seremonien i fjor. (Foto: Steinar Hystad)

To hyggjelege julemeldingar kunne sendast ut frå møtet i Stord formannskap sist onsdag. Etter forslag frå ordførar  Sigbjørn  Framnes vart  det samrøystes vedteke at:

  • Formannskapet løyver kr 10 000,- i tilskot til julegateopning i Leirvik sentrum 2024. Løyvinga vert finansiert frå formannskapet sin løyvingskonto.

OG:

  • Formannskapet løyver  kr.5 000,-  i tilskot til julegateopning i Sagvåg sentrum 2024.  Løyvinga vert finansiert frå formannskapet sin løyvingskonto.