Særs velstelt og nytt tilbod i Prestegardsskogen

Petanquebanen i  Prestagardsskogen  er siste nyvinning i idrettsparken. (Foto: Steinar Hystad)

– Da e blitt så fint rydda rundt banar og langs helsesportsløypa at da e ei fryd å sjå. Stordront.no bør så absolutt ta turen «nordom bekkjen»  og ta fotoapparatet med, seier tipsaren. Og sidan gladsaker er det kjekkaste  stordront.no veit, var me på gjesting ein roleg ettermiddag. 

Tipsaren har evig rett.

Dugnadsgjengen i Trott har gjort ein storarta ryddejobb i idrettsparken. Men ikkje berre det, for i området der Dronning Sonja og Kronprins Haakon i juni 1991 opna Helsesportsløypa, er det rigga til eit nytt tilbod: Trott Petanque. Kastebanen skal få eit topplag med finare grus, så er han klar.