Nye husvære på veg opp

På taket av garasjen kjem det tre   høgder med fire husvære i kvar. (Foto: Steinar Hystad)

På tomta der «gamlaapoteket» stod i nedre del av Bandadalen, er byggearbeidet i full gang for 12 nye husvære. Prosjektet er eit samarbeid mellom Engelsen Entreprenør og Vestbo. 

Onsdag vart taket på garasjeanlegget i førstehøgda støypt, oppå kjem det 12 husvære fordelt på tre etasjar. Åtte av husværa er alt selde. 

Måndag i veka som kjem byrjar montasjen av elementa og når godt fire veker er gått, skal nybygget vera reist, får stordront.no opplyst.