Stord musikklag fyller 125 år og ynskjer velkomen til jubileumskonsert 23. november i Storsalen i Stord kulturhus.
Me kan tilby eit særs variert program der publikum vil kunne høyre nye stykke vi har jobba med no i haust så vel som musikk som korpset har framført i tidlegare år, skriv musikklaget i ei melding.
Me er og så heldige å få Margrete Lund Skorpen som gjestevokalist. Ho har samarbeida med musikklaget fleire gonger tidlegare, både på konsertar her på Stord og i konkurransar.
Helge Heiberg Andersen vil krydre konserten med episodar frå musikklaget sin rike historie
Vel møtt, og hugs: Ta med slekt og vener!
Dirigent: Paul Hughes
Gjest: Margrete Skorpen
Historieforteljar: Helge Heiberg Andersen
Arrangør: Stord Musikklag