For nokre år sidan framførte vi teaterstykket «Babettes gjestebud», med eit «gourmet-måltid» etter framsyninga (den gongen var det franskinspirert bouillabaisse med kvitlauksbaguettar som stod på menyen). Det vart ein stor suksess.
No prøver vi oss med ein variant: mangeårig kunstkritikar i Stavanger Aftenblad, Trond Borgen, kåserer over temaet «Manna frå himmelen. Bibelens måltid i kunsten: Ånd og materie». Og etterpå serverer vi ein smakfull rett frå Bibelens kulinariske katalog.
Tid: Tysdag 12. november kl. 19.00
Stad: Nysæter kyrkje
Vel møtt, helsar Stord kyrkjeakademi.