23. november er det tillyst ekstraordinært årsmøte i Venelaget for Hagerupshuset, med føremål å få nytt styre og drifta av laget.
Margunn H. Vassdal, dagleg leiar i Frivilligsentralen, forklarar kvifor:
– Det gamle venelaget gav seg, og no har me fått nye folk som har sagt ja til å starta opp nytt venelag, men med same organisasjonsnummer.
– Hagerupshuset ligg under kultur som tidlegare, men det er Frivilligsentralen som har fått i oppgåve å utvikla huset til eit byhus. Altså etter same modell som Leirvikstova, der lag/organisasjonar som har aktivitetar som er opne for alle får låna gratis. I tillegg kan ein leiga til enkelte lukka arrangement, og private arrangement som dåp, begravelse og konfirmasjon.
– Skal venelaget stå for drift?
– Det nye venelaget er det forslag om å berre kalla Hagerupshuset, og blir eit støttelag som er med å bidrar til aktivitet og dugnad m.m. No i første omgang er det vedtekter og innsetting av styret som er på planen, men har fått 7 fantastiske personar med til no, seier Vassdal