Byggjenytt på Stord i oktober

Nytt bygg for lagring av salt og strøsand reiser seg bak UNO-stasjonen  på Heiane Vest. (Foto: Steinar Hysatd)

Vedtak om endring av adresser  i Hystadbakkjen, vart behandla som sak 433, og dermed den siste så langt i år hjå eining for regulering, byggesak og oppmåling (RBO) 30. oktober. Her er ein del andre saker som vart stempla godkjende:

  • Ferdigattest bod og tilbygg bustadhus, Valvatnaåsen
  • Mellombels bruksløyve, brakkerigg, Kjøtteinsvegen
  • Nybygg lagerhall for salt og strøsand, Meatjønnsvegen
  • Løye til tiltak, nybygg einebustad med carport, Kroktjødnevegen
  • Løyve til bruksendring, frå tilleggsdel til hovuddel, Grov
  • Løyve til tiltak, einebustad med garasje, Øvre Eskeland
  • Løyve til tiltak, nybygg garasje, Bjellandsvegen
  • Dispensasjon, flytebrygge med landgang, Valevegen
  • Ferdigattest, reinseanlegg, Brotaneset
  • Løyve til igangsetting VA-anlegg, Båtsvikjo
  • Ferdigattest, hotellbygning Fengselet, Jens Hystadveg
  • Ferdigattest, ombygging av fjøs,  Høylandsvegen