Kommunen sine svar om «unge» skjenketider

Ulvar Akselsen (Ap) på talarstolen i rådhuset (Foto: Steinar Hystad)

Kommunestyremedlem Ulvar Akselsen (Ap) stilte i kommunestyret torsdag to spørsmål om dei nye  retningslinene for skjenking av alkohol i Stord kommune. Han fekk desse svara:

Spørsmål 1: Kva kan kommunen gjere for å syte for at Sjøhuset helde fram å være ein møteplass og utestad på laurdag for ungdommane?

Svar: For 2024-2028 har alle løyvehavarane i Stord kommune fått tildelt alminneleg skjenkeløyve – med utviding av alkoholhaldig drikke gruppe 3 – fram til kl. 01.00. For dei skjenkestadene som også ønskjer nattløyve, er det alminnelege skjenkeløyvet i tillegg utvida til kl. 02.30. Det er eit vilkår for å få tildelt nattløyvet at løyvet er ei utviding av staden sitt alminnelege skjenkeløyve og alkoholgrupper, og at aldersgrensene er i samsvar med desse. Det er løyvehavar sjølv som vel sitt eige konsept og avgjer kva alkoholgrupper dei ønskjer å servere. Sjøhuset har valt å ha alminneleg skjenkeløyve for alkoholhaldig drikke gruppe 1 til 3. Nattløyvet til Sjøhuset har såleis 20 års aldersgrense. Dersom Sjøhuset hadde valt eit alminnelege skjenkeløyve for alkoholhaldig drikke gruppe 1 og 2, hadde nattløyvet deira hatt 18 års aldersgrense. Alkoholregelverket opnar likevel for å at ein løyvehavar kan utvide sitt eksisterande skjenkeløyve for eit enkelt høve til å omfatte alkoholhaldig drikk som ikkje er omfatta av det alminnelege skjenkeløyvet. Det betyr at Sjøhuset kan søke om å avgrense det alminnelege skjenkeløyvet sitt til å skjenke alkoholhaldig drikke gruppe 1 og 2, til dømes i samband med ulike ungdomsarrangement laurdagar. Nattløyvet vil då følgje det utvida skjenkeløyvet og ha 18 års aldersgrense. Det kan søkast om fleire ulike arrangement og datoar i same søknad.

Spørsmål 2: Er det slik å forstå at dei noverande alkoholpolitiske retningslinene ikkje gjer det enklare for arrangørar av konserter og andre kulturarrangement der det vert servert alkohol å leggje til rette for at ein kan opne opp for ungdommar likevel?

Svar: Dei nye retningslinene opnar for at løyvehavar kan arrangere kulturarrangement for ungdommar fram til kl. 01.00. Løyvehavarane er sjølv ansvarlege for sine kulturtilbod og kven dei ønskjer skal ha tilgang til desse. Løyvehavar må utarbeide god nok internkontroll, og skal til ein kvar tid utøve det alminnelege skjenkeløyvet innanfor rammene av alkoholregelverket og elles forsvarleg, t.d. overhalde aldersgrenser for utskjenking og drikking av alkoholhaldig drikke på skjenkeområdet. Det er det politiet som kan gi løyvehavar dispensasjon for arrangement som vert arrangert spesielt for barn og unge under 18 år, og avgjer at barn under 15 år i tillegg skal vera i følgje med foreldre eller andre føresette, jf. Forskrift om politivedtekt, Stord kommune, Vestland, § 7-3. Informasjon om krav i politivedtekt for Stord kommune, går fram av løyvehavarane sitt løyvevedtak.