I nedre stor-refuge i Osen ligg noko som minner om det som tidlegare var ein betalingsautomat for parkering i området.
No står ramma att, medan automaten ligg på «halv åtte». Ein leidning stikk opp ved sida, som ei stadfesting på at det er lagt straum fram til staden. Men no er det berre parkeringsskiver som gjeld – gamleautomaten kan truleg få heilt fri.